Home   >   Nyhende   >   Nyutdanna lærarar skal få hjelp til mjuk overgang

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Nyutdanna lærarar skal få hjelp til mjuk overgang

Gjennom betre rettleiing vil Kunnskapsdepartementet gjere overgangen frå studium til jobb mjukare for nyutdanna lærarar i barnehage og skule.

Kunnskapsdepartementet har saman med organisasjonar for barnehage, skule og høgare utdanning no komme med sine anbefalingar for korleis god rettleiing bør gjennomførast.

– Sjølv om ein har studert og førebudd seg, kan overgangen frå studium til kvardagen i ein barnehage eller i eit klasserom vere stor. Trygge og gode lærarar er det viktigaste vi kan gi barna og elevane. Det er derfor viktig med god rettleiing, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Anbefalingane kjem etter at Stortinget bad regjeringa om å utarbeide ei nasjonal rettleiingsordning. Bakgrunnen er ei evaluering frå 2016, der fire av ti nyutdanna lærarar oppgav at dei ikkje fekk rettleiing som nytilsette.

Utdanningsdirektoratet skal no lage ein skriftleg fagleg rettleiar for korleis rettleiingsordninga kan utformast og gjennomførast lokalt. (©NPK)