Heim   >   Nyhende   >   Nyttar heile makrellen til mat

Illustrasjonsfoto: Kari Hamre/NPK.

Nyttar heile makrellen til mat

Ein ny fabrikk i Vågsøy utnyttar heile makrellen i matproduksjonen – òg avskjeret.

Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfinansiering samarbeider med næringa for å finne løysingar på korleis ein kan nytte meir av restane frå råstoffet for å lage produkt for menneske.

– No er vi komme i ein ny divisjon i sildeoljenæringa. Her blir det produsert fiskemjøl og olje til menneske, seier fabrikksjef Rune Gangsøy ved Pelagia Måløy Helse til NRK.

Pelagia har investert 90 millionar kroner den nye fabrikken, som lagar råvare av heile makrellen.

– Tanken bak er at vi skal nytte 100 prosent av råstoffet. Vi nyttar avskjeret til høgkvalitetsolje og til å lage proteinpulver til menneskemat og dyrefôr, seier driftsansvarleg for mat i Pelagia Magnus Strand.

(©NPK)