Det vart nytta kinaputtar under ungdomsfesten i Gimle fredag.

Nytta kinaputtar i Gimle

Under fredagens nyttårsfest i ungdomshuset Gimle i Gloppen vart det nytta kinaputtar inne i danselokalet. Det melder avisa Firda.

– Arrangøren hadde leigd inn politi til å vere vakter, men dei fann aldri ut kven som kveikte lunta. Heldigvis vart ingen skadde, seier Eivind Hellesund, som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Bergen.

Vel 400 personar var til stades på nyttårsfesten i Gimle.

Ein kinaputt er eit mindre fyrverkeri, som utelukkande lagar eit skarpt smell. Ein kinaputt er mellom dei enklaste pyroteknikk-effektane ein kan lage.