Gjennom det nye undervisningsopplegget Bok på 1-2-3 ønskjer formidlar Ida Karin Aarflot Kornberg (t.v.) ved Ivar Aasen-tunet og prosjektleiar Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret å auke interessa for nynorske barnebøker og visa korleis lærarane kan arbeida tverrfagleg med litteratur. Foto: Nynorsksenteret.

Nytt tilbod for nynorske barnebøker i skulen

I samband med Bokåret 2019 har Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet laga eit gratis undervisningsopplegg som skal gjere det lettare å bruke nynorske barnebøker i skulen.





Tilbodet blir kalla «Bok på 1-2-3» og er først og fremst laga med tanke på barneskulen.





– Vi ønskjer at Bok på 1-2-3 skal vekkje interesse for nynorske barnebøker med ulike tema. Opplegga skal vera prega av leik, undring og læreglede. Tanken er at dei skal vere enkle å ta i bruk, seier Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret i ei pressemelding.





Opplegget omfattar ni utvalde barnebøker som Nynorsksenteret og Ivar Aasen-senteret vil presentere utover i Bokåret.





– Bøkene vil vere tilgjengelege for strøyming i kvar sin månad, slik at lærarane kan bruke dei på storskjerm i klasserommet, forklarer Ida Karin Aarflot Kornberg ved Ivar Aasen-tunet.





Lærarane kan også finne boktipsa og undervisningsopplegga på nettsidene til Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet.





Eitt av måla med det nye tilbodet er å vise korleis lærarane kan arbeide tverrfagleg med litteratur. Tilbodet er først og fremst laga for barneskulen, men bøkene og delar av opplegget kan også nyttast i ungdomsskulen, heiter det. (©NPK)