Alfred Bjørlo. Arkivfoto.

- Nytt statleg angrep på distrikts-Noreg

- Dersom Statens vegvesen sine nye forslag om å flytte folk og tenester vekk frå distrikts-Noreg blir godkjent av regjeringa, er ikkje den nye regjeringserklæringa verdt papiret ho er skriven på. No må det vere slutt på fine ord og flosklar om å satse på distrikta, samtidig som staten sjølv rømmer hals over hovud inn til dei største byane.

Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (Venstre), i ein kommentar til Statens vegvesen sin delrapport om ny tenestestruktur for trafikantretta tenester, som ved inngangen til påska vart offentleggjort og sendt på ei såkalla "begrensa høyring" med kort frist.

I rapporten foreslår Statens vegvesen å legge ned 22 tenestestader i distrikts-Noreg for trafikantretta tenester, herunder Nordfjordeid. Statens vegvesen innrømmer sjølv i rapporten  at forslaget betyr lenger reiseveg for folk og næringsliv i distrikta, og ein reduksjon i statlege arbeidsplassar i distrikta.

Samtidig er trafikkstasjonane i dag også base for andre statlege forvaltningstenester innanfor SVV. Dermed får ei nedlegging av trafikkstasjonane i praksis langt større negative følgjer for distrikts-Noreg enn det som går fram av rapporten.

- Det er nær sagt ufatteleg at Statens vegvesen i vår moderne tidsalder, der ny teknologi gjer det mogleg å bygge opp kompetansemiljø desentralisert, framleis tenkjer så gammaldags og konservativt, seier Bjørlo.

- Rapporten inneheld ikkje eit fnugg av forsøk på å syne korleis ein kan bygge opp moderne, desentraliserte tenester der fagfolk kan sitje lokalt og tilby tenester over heile landet: Alt handlar om korleis ein kan legge ned mest mogleg i distrikts-Noreg, og flytte folk og bygningsmasse inn til større sentra og storbyar.

- Samtidig har heile prosessen vore prega av å vere eit reint spel for galleriet frå Statens vegvesen si side. Vi som har spelt inn synspunkt undervegs er ikkje ein gong blitt funne verdige til å få eit svar - dei har brukt tida på å blåkopiere framlegg frå innleigde franske konsulentselskap, framfor å snakke med lokalsamfunna dei no vil rasere fagmiljøa i, seier ein klokkeklar Eid-ordførar.