Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Nytt sokneråd i nytt sokn

Medlemer og varamedlemer i nye Gloppen sokn saman med soknepresten.

Nytt sokneråd i nytt sokn

I dag vart det nye soknerådet i Gloppen sokn presentert etter samanslåinga av Gimmestad og Vereide sokn.

Det var på mange måtar ei historisk gudsteneste i Sandane kyrkje i føremiddag. Det var nemleg den første gudstenesta i Gloppen sokn etter at dei to gamle sokna kring Gloppefjorden blei samla til eitt.

– Eg gledar meg til oppgåva, eg trur vi treng å samlast for å hjelpe kvarandre og utnytte dei ressursane vi har, seier soknerådsleiar Beate Kornberg og ser føre seg at ho og dei andre soknerådsmedlemene får litt av kvart å henge fingrane i den første tida for å få ting til å gli.

Les meir i papirutgåva måndag.