Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Nytt rekordkast av Thomas

Arkivfoto.

Nytt rekordkast av Thomas

Glopparen Thomas Mardal kasta sleggja heile 73,10 meter under ein collegekonkurranse i USA onsdag, melder Gloppen Friidrettslag på nettsidene sine. 

Dei 24 beste sleggjekastarane frå heile USA var med. Thomas åpna med dødt, før han fekk opp eit kast på 71,74 meter. I 4. omgang kasta han 71.57, før han i 5. omgang slo til med rekordkastet som heldt til ein sterk 4.plass.

Dette var samstundes ny personleg rekord og krinsrekord for Sogn og Fjordane.