Leiar i Norsk Målungdom Fredrik Hope med medlemer i ryggen. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/Norsk Målungdom.

Nytt rekordår for Norsk Målungdom

For andre året på rad fekk Norsk Målungdom over 1.100 medlemer under 26 år fjor. Inkludert dei over 26 år, er talet 1.574 betalande medlemer. Organisasjonen har ikkje hatt fleire medlemer sidan 2005.


– Det er stor stas at vi i to år har over 1.100 medlemer, og at vi har hatt vekst i medlemstalet dei siste fem åra. Takk til alle som er med på laget! Eit godt medlemstal gir eit særs godt grunnlag for å kjempe vidare for nynorsken, dialektane og språkmangfaldet i 2019, seier leiar i Norsk Målungdom Fredrik Hope i ei pressemelding.


I tillegg er det fleire medlemer som vil engasjere seg i lokallag. Organisasjonen hadde i fjor fleire lokallag enn på mange år.


– I 2018 hadde vi 30 teljande lokallag frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør som alle bidrog til å engasjere unge nynorskbrukarar og nynorskvener. Det er det høgaste talet i nyare tid. Vi har dei tre siste åra satsa på fleire og sterkare lokallag, noko som gjer oss til ein sterkare organisasjon, fortel målungdomsleiaren. (©NPK)