Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) gjentok mandag oppfordringa å melde frå dersom ein har mistanke om at barn og unge lidunder koronatiltaka. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Nytt chattetilbod for sårbare barn og unge




Regjeringa vil forsterke arbeidet for sårbare barn med ei 24-timars chatteteneste underlagt Alarmtelefonen for barn og unge.


Tenesta opnar tysdag og skal vere tilgjengeleg gjennom heile påsken.


Alarmtelefonen for barn kan òg brukast, både av barn og vaksne, heile døgnet gjennom. Han blir nådd på nummer 116 111, både som telefon og på sms.


– Den største bekymringa mi har heile tida vore korleis dei strenge smitteverntiltaka slår ut for barn og unge som har det vanskeleg, sa barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) på pressekonferansen til regjeringa måndag.


Han fortalde òg at det skal setjast ned ei gruppe av fagekspertar for å vurdere konsekvensane for barn og unge av tiltaka som er sett i gang.


– For nokre barn er det kanskje spennande å vere heime frå skule og barnehage, for andre er det heilt motsett. Vekene som ligg føre, kan verke uoverkommelege, sa Ropstad.


Barne- og familieministeren nytta samtidig høvet til å be alle som er bekymra for eit barn, om å gjere noko, anten det er å ringe, besøkje dei eller ta kontakt på annan måte.


– Ring og spør korleis det går, send ei melding og spør om dei har gjort noko morosamt i dag. Om du har mistanke om at nokon har det vanskeleg, så meld ifrå, lydde oppfordringa frå Ropstad.


(©NPK)