Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum lover eit rikhaldig nynorskbidrag i Bokåret 2019. Foto: Hallvard Østrem / NPK

Nynorsk kultursentrum satsar i bokåret

Seks nye utstillingar, tre barnebokveker og salmefeiring er blant det Nynorsk kultursentrum skal bidra med i Bokåret 2019.





Nynorsk kultursentrum stod bak arrangement i 58
kommunar i fjor. I år håper direktør Per Magnus F. Sandsmark at dei når
enda vidare ut.





– Nynorsk kultursentrum er ein av dei fem største
aktørane i bokåret, den einaste som tar utgangspunkt i det nynorske, og
ein som har store ambisjonar om å nå folk i heile landet, seier
Sandsmark i ei pressemelding.





Nynorsk kultursentrum har planar om arrangement i ti fylke frå Agder i sør til Trøndelag i nord.
Nye utstillingar





I tillegg til dei 24 temautstillingane stiftinga frå før
har til gratis utlån i bokåret, laserer dei 6 nye utstillingar. Dei
handlar om fuglar i lyrikken, forfattaren Carl Frode Tiller, Aasmund
Olavsson Vinje, den fleirspråklege bokhistoria, skeiv litteratur og
vinnarane av Tarjei Vesaas' debutantpris.





– Den norske litteraturen er mangfaldig og
fleirspråkleg. Vi vil vise fram bokskattar frå 500 år med bøker i Noreg,
vise samanhengane mellom natur, kultur og samfunn, løfte fram korleis
debutantane har bidratt til norsk litteraturhistorie, og gjere fleire
nysgjerrige på mangfaldet som finst i Noreg, seier Sandsmark.
Barnepoesi og barneforteljingar





Nynorsk kultursentrum planlegg òg nynorsk barnepoesiveke i
Hordaland og Hallingdal, nynorsk barneforteljingsveke i Telemark,
Setesdal og Ryfylke og nynorsk sakprosaveke på Sunnmøre og i Nordfjord. I
samarbeid med fleire turistforeiningar blir det dessutan fleire
litteraturarrangement i friluft, lover Sandsmark.





I Vest-Telemark skal kyrkjesokna markere at det er
150 år sidan dei første nynorsksalmane vart gitt ut samtidig som det
vart forbode å bruke i kyrkja. Kyrkjefolket i Vest-Telemark var dei
første som braut forbodet og song no folkekjære salmar som «Å leva det
er å elska», «Det lyser i stille grender» og «Kling no klokka». Det blir
utstillingsturné i fleire kyrkjer, salmeseminar og eigne konsertar i
samarbeid med bispedømmeråd og andre.





Tunkatten Lurivar i Aasen-tunet kjem med ny ordbok
til hausten med ord som blyantpudding, middagspølseregn, marsipangitar
og måneblære.





Nynorsk kultursentrum har òg mange andre arrangement
på plakaten, mellom anna i samband med Dei nynorsk festspela i juni og
Litteraturdagane i Vinje i august.





(©NPK)