Vogntog hadde ei rekkje manglar

Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll ved Førde trafikkstasjon E39 måndag kveld. 72 tunge køyretøy var innom kontrollplassen, av desse vart 6 kontrollerte nærare.

Eit utanlandsk registrert vogntog vart ilagt bruksforbod på grunn av manglar ved dokument.

– Førar kunne ikkje dokumente råderett over motorvogna, og må stå på kontrollplass i Førde til nødvendige dokument er på plass. Same køyretøyet vart ilagt 8000 kroner i gebyr for manglande bombrikke, samt mangellapp for ei rekkje tekniske manglar. Blant anna manglar ved bremser og tilhengerkopling. I tillegg måtte politet tilkallast for å få klarlagt førerett, skriv Statens vegvesen i rapporten frå kontrollen.

Artikkelen held fram under annonsen.