Vindkraftverk får ikkje statleg arealplan

Olje- og energidepartementet har avslått oppmodinga frå SFE-eigde Bremangerlandet Vindpark AS om å gje konsesjonen til Bremangerlandet vindkraftverk verknad som statleg arealplan.

Det skriv departementet i ei pressemelding.

Bremangerlandet vindkraftverk er planlagt i eit landbruks-, natur og friluftsområde (LNF) i Bremanger kommune. Konsesjonæren søkte i utgangspunktet kommunen om dispensasjon frå arealplanen. Bremanger kommune avslo dispensasjonssøknaden og Bremangerlandet Vindpark AS oppmoda deretter departementet om å gi konsesjonen verknad som statleg plan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Departementet har i avslaget vist til at Bremanger kommune meiner det er uheldig at det blei søkt om dispensasjon før detaljplan, MTA-plan og søknad om konsesjonsendringar var ferdigbehandla av NVE. Dei føresetnadane Bremanger kommune meinte måtte vere på plass før ein dispensasjon kunne behandlast, er følgt opp sidan NVE har gjort seg ferdige med saka.

Departementet meiner det dermed burde liggje til rette for ei ny dispensasjonsbehandling i kommunen, og opplyser derfor at det ikkje er grunnlag for å innvilge søknaden om statleg plan.

– Det er ei stor lette. Eg er utruleg glad for den avgjerda. No meiner eg SFE bør innsjå at dei ikkje vil klare å få bygd dette ut, seier Jørgen Nygård til Fjordenes Tidende.

Han er ein av fleire som har arbeidd aktivt for å stoppe vindkraftutbygginga på Bremangerlandet.