Petter Andreas Listou syner fram dei nye redningsvestane i bua på Rygg.

Vil låne ut redningsvestar

Kløveren 4H tilbyr no utlån av redningsvestar som er plasserte i bua på bryggja på Rygg. Tanken er å låne ut vestane til dei som vil ha litt ekstra tryggleik i vasskanten.

– Vi har vestar i fire ulike storleikar til utlån, frå 15-90 kilo, og vi har mest av dei mindre typane, seier Petter Andreas Listou, som er leiar i 4H-klubben.

Til utlån

Dersom ein vil låne vestane i bua, kan ein ta kontakt med Liv Henny Frøyen eller Elin Jorunn Roset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tanken er å låne ut vestane til andre lag, organisasjonar eller grupper som treng redningsvest til båt eller kajakk, seier Roset.

Roset og Frøyen er klubbrådgjevarar i Kløveren 4H saman med Renate Eikenes Grov og Ellinor Kleppenes.

– Det var Renate som såg at ein kunne søkje Sparebankstiftinga om redningsvestar, fortel Roset.

Vestane kom på plass for ei veke sidan, og dei har allereie fått spørsmål om utlån.

Arrangerte klubbleir

For tre veker sidan arrangerte Kløveren 4H klubbleir på Ryggøyra.

– Naturleg nok blei medlemmene mindre sosiale då det vart sett i verk strenge koronatiltak i vår. Leiren vart ein stad der dei kunne vere saman igjen, seier Elin Jorunn Roset.

På klubbleiren vart Runnevang nytta til overnatting og matservering. Området rundt bua vart brukt til aktivitetar.

– 4H er veldig kjekt, spesielt når ein får jobbe med den flotte ungdomen i klubben, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye flytematta var eit populært tilskot for deltakarane på klubbleiren.

Moro med aktivitet

– Kløveren 4H har òg leigd ut ei flytematte på cirka 2 x 5 meter, men denne har fått ein liten skade og dermed har vi måtta gi den ein pause, seier Elin Jorunn Roset.

Matta er ei erstatning for trampolinen som har lege ved bryggja fleire somrar. Det var kome så mange hol i trampolinen at det vart vanskeleg å halde han med luft.

– Flytematta var på sjøen under klubbleiren for tre veker sidan, og der vart ho flittig brukt av leir-deltakarane, opplyser Roset.

Vatnet kring bryggja har tilsig frå Ryggelva, og er ikkje kjent for å vere spesielt varmt. Likevel var matta så populær at temperaturen i vatnet vart gløymt.

– Det var aktivitet på ho i fleire timar, fortel Petter Andreas Listou, som til hausten startar i 8. klasse ved Gloppen ungdomsskule.

Anbefaler 4H

Kløveren 4H har i dag 19 medlemmer. I tillegg til leirar, får dei oppleve friluftsliv og varierte sosiale tilstellingar.

– 4H kan absolutt anbefalast, seier Listou, og legg til at mange er redde for at 4H er mykje arbeid.

Som medlem i 4H har ein tradisjonelt skrive temaoppgåver mot slutten av kvart år. Frå og med neste sesong legg 4H opp til at desse blir digitalisert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette vil lette arbeidet, seier han.