– Abonnerer du på Firda Tidend, kan du få tilgang til alle artiklar som ligg bak betalingsmur på firdatidend.no, seier Janne Gåsemyr.

Vil du ha tilgang til nettsida vår?

I alt 1300 abonnentar har registrert seg på nytt for å få tilgang til innhaldet som ligg bak betalingsmur på den nye nettsida til Firda Tidend.

– Dette er vi godt nøgde med. Samtidig ønskjer vi at endå fleire skal få tilgang til artiklane som blir publiserte på firdatidend.no, seier kontorleiar Janne Randi Gåsemyr.

– Send ein e-post

Tidleg i sommar kom lokalavisa for Gloppen og Jølster på lufta med ny nettside. For å få tilgang til innhaldet på nettsida, måtte alle abonnentar registrere seg på nytt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva skal dei som ønskjer å registrere seg gjere?

– Alle har fått nye kundenummer. Difor må dei kontakte oss anten på telefon eller e-post, så skal vi hjelpe dei vidare, opplyser Gåsemyr.

E-postdressa som skal nyttast er abo@firdatidend.no, men ein kan også ringe 57868781, mellom klokka 09.00 og 15.00.

Ny e-avis

I tillegg til ny nettavis, blei ei ny e-avis rulla ut. Dette er ei elektronisk utgåve av papiravisa. Denne får abonnentane tilgang til ved å gå inn på nettsida til Firda Tidend.

– E-avisa kan ein også få tilgang til ved å laste ned den nye applikasjonen vår. Her må ein bruke same innlogging som på nettsida, fortel ho.

Nye abonnentar kan no prøve ut Firda Tidend i fem veker for fem kroner.