Den første miljøprisen frå Vestland fylkeskommune vart delt ut til Bergen Havn. F.v. Fylkesordførar Jon Askeland, Styreleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen, miljøleiar Even Husby og hamnedirektør Johnny Breivik i Bergen Havn. Foto: Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommunes klima- og miljøpris til Bergen hamn

Bergen Havn var vinnaren da Vestland fylkeskommune delte ut den aller første klima- og miljøprisen i fylket.

Juryen i Vestland fylkeskommune har særleg merkt seg arbeidet med tilrettelegging av landstraum for skip, og at Bergen hamn har teke initiativ til miljødifferensierte hamneavgifter.

– Bergen hamn viser evne til nyskaping og evne og vilje til å yte ein aktiv klimainnsats, seier Marthe Hammer, leiar for innstillingsnemnda for prisen, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisen er på 70.000 kroner og vart overrekt av fylkesordførar Jon Askeland. Styreleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen, miljøleiar Even Husby og hamnedirektør Johnny Breivik tok i mot prisen. Dei ser tildelinga som ei viktig anerkjenning av bidraga dei gjer i klimaomstillinga.

– Det gir oss auka motivasjon til å halde fram med dette arbeidet. Både utbygging av landstraum og innføring av miljøprising for cruiseskip som vitjar hamna har fått internasjonal merksemd. Det er difor naturleg for oss å lansere desse løysingane også for utanlandske hamner. Med denne flotte klimaprisen får vi den best tenkelege starten på lanseringa, seier ein stolt hamnedirektør Johnny Breivik.

Miljødifferensiert hamneavgift

For å redusere forureining frå skip ved kai har Bergen hamn tatt initiativ til eit nasjonalt prosjekt for å etablere verktøyet Environmental Port Index (EPI). Verktøyet skal fange opp kor mykje eit skip forureinar når det ligg til kai. Dess meir miljøvenleg skipet er, dess billegare er det å ligge i hamna.

Bergen hamn har så langt fått med seg 16 norske hamner til å bruke Environmental Port Index, noko som skal motivere til å gjere skipa meir miljøvennlege. Bergen hamn lanserer no systemet internasjonalt og har møte med blant andre hamnevesenet i London.

– Dette er innovativt og nyskapande, og er hovudgrunnen for at vi vel å gi klima- og miljøprisen til Bergen hamn. Dei tek leiing og set retning i klimaarbeidet – også internasjonalt – og det fortener merksemd og honnør, seier Marthe Hammer.

Omfattande landstraumanlegg

I juni etablerer hamna det største landstraumanlegget i verda for cruiseskip med kapasitet for tre cruiseskip samtidig. Dei har også det mest omfattande tilbodet i verda for landstraumtilbod for offshoreskip. Totalt får hamna no 16 tilkoplingspunkt, som til saman gjer at ein her finn det beste ladetilbodet for skip i Europa.

– Prisvinnaren har også vist innovasjon i organiseringa av forretningsmodellen ved å gå saman med kraftselskapet BKK og danne selskapet Plug. Prosjekta til Bergen hamn er gode døme på korleis Vestland kan bidra både nasjonalt og internasjonalt, og dei bidreg til å setje Vestland på kartet. Arbeidet har overføringsverdi til andre område og kan bidra til ei klimaomstilling av heile skipsfarten, ikkje berre for cruisenæringa, seier Hammer i pressemeldinga.