Budsjettnemndas tal for jordbruket viser økonomisk oppsving i fjor. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Usikre tal viser koronaeffekt for jordbruket

Tal frå Budsjettnemnda for jordbruket viser økonomisk oppsving i fjor, men reduserer ikkje alvoret i den økonomiske situasjonen i landbruket, meiner Bondelaget.

Budsjettnemnda for jordbruket la fredag fram resultat og prognose for inntektsutviklinga i jordbruket som grunnlag for årets jordbruksforhandlingar.

Sjølv om tala viser eit økonomisk koronaoppsving i 2020, reduserer ikkje det alvoret i den økonomiske situasjonen i landbruket, seier Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tal for 2020 speglar at det er balanse i fleire marknader samtidig som bortfallet av grensehandelen har gitt auka marknadsmoglegheiter. Det er positivt. Det endrar ikkje det faktumet at svak inntektsutvikling i dei førre åra har gitt ein tøff økonomisk situasjon for fleirtalet av bøndene. Det tek vi med oss inn mot årets jordbruksoppgjer, seier Bartnes.

Grunnlagstala viser at inntektsutviklinga i jordbruket var tilnærma flat i perioden 2015 til 2019. Frå 2019 til 2020 viser tala ein gjennomsnittleg inntektsvekst på 60.400 kroner per årsverk.

Budsjettnemnda understrekar at fleire forhold, som tørken i 2018 og koronapandemien i 2020 og 2021, bidreg til meir usikre tal enn tidlegare.

– Vi vil halde fram med å produsere mat på norske ressursar, der jorda ligg, og auke norskdelen. Skal vi få til det, må vi ha ei inntektsutvikling framover som gjer det meir lønnsamt å drive. Med den inntektsutviklinga bøndene har hatt frå 2015, har avstanden i kroner til andre grupper i samfunnet auka, og det gir høge forventningar i organisasjonen. Årets oppgjer må bidra til å gi bøndene eit kraftig inntektsløft, seier Bartnes.

– Årets talmateriale viser klarare enn nokon gong før at det no må etablerast ei politisk forståing for at utjamning må til, elles blir alt pratet om å redde dei små og mellomstore bruka og landbruk over heile landet, berre tomme ord, seier Kjersti Hoff, leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

(©NPK)