UP-sjef Steven Hasseldal seier bøtene for mobilbruk i bil har liten effekt. Han ønskjer seg ei dobling av satsane. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

UP-sjefen vil ha mykje høgare bøter for mobilbruk

UP-sjef Steven Hasseldal meiner det er for billeg med 1.700 kroner i bot for ulovleg mobilbruk i bil. Han vil minst ha ei dobling av satsane.

UP-sjef Hasseldal seier til Drammens Tidende at om han fekk bestemme, ville bota minst bli dobla. I tillegg ville du i verste fall fått tre prikkar i staden for dagens to.

– Ulovleg bruk av mobiltelefon i bil er framleis eit stort problem. Det verkar ikkje som om bota i seg sjølv har hatt stor nok effekt. Det ville vere fornuftig å auke den betydeleg, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at undersøkingar på landsbasis viser at i snitt 3,6 prosent av alle bilistane i landet anten har brukt telefonen til å ringje eller sende eller få tekstmeldingar medan dei samtidig køyrar.

Hos tungbilsjåførane er delen endå høgare ifølgje UP-sjefen, nemleg 7,1 prosent.

– Det er jo endå verre, for her er jo farepotensialet endå større enn hos personbilistane, seier han.

I 2018 var det 108 dødsulykker på norske vegar. Ifølgje Hasseldal var distraksjon frå mobiltelefon eller anna elektronisk utstyr i bilen, skuld i tolv av ulykkene.

(©NPK)