Ordførar Leidulf Gloppestad (t.v.) og smittevernoverlege Benny Østerbye Hansen oppmodar innbyggjarane i Gloppen om å følgje smittevernråda og halde seg heime ved forkjølingssymptom.

Turfølgje i Gloppen smitta av koronaviruset

Smittevernoverlegen har dei siste dagane fått mange spørsmål frå innbyggjarar i kommunen om dei kan ta i mot besøk frå område med høg smitte. Sist veke var eit turfølgje frå eit område med høg smitte på besøk i Gloppen i tre dagar. No viser det seg at alle i følgjet har testa positivt på koronaviruset.

– Personane det gjeld har hatt lite kontakt med lokale innbyggjarar, og ingen av dei hadde symptom medan dei var her. Dei få dei har hatt kontakt med i kommunen har oppsporingsteamet vårt full kontroll på. Alle har testa seg og er i karantene, og vi har fått prøvesvar tilbake for alle bortsett frå éin. Alle svara har så langt vore negative, og ingen har utvikla symptom på Covid-19, seier smittevernoverlege Benny Østerbye Hansen.

Smitte utanfrå

Både Stad og Kinn kommune har dei siste dagane òg hatt tilfelle av personar som har tatt med seg smitte inn i kommunane. I begge tilfella var det tilsynelatande friske personar som ikkje viste symptom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommuneoverlegen held fram med si tilråding om at ein bør vurdere nøye om det er naudsynt å reise til område der det er høg smitteførekomst.

– Det same gjeld om det er snakk om besøk inn til kommunen. Her må ein sjølv gjere gode vurderingar i kvart enkelt tilfelle. Mange lurer no på om dei kan halde konfirmasjonar og selskap der ein tar i mot besøk frå område med høg smitte, og her må kvar enkelt gjere sine eigne vurderingar. Men eg vil påpeike at det er mange som kan vere smitta utan å ha symptom, og ha med seg smitte inn i kommunen utan å vere klar over det, presiserer han.

Bekymra helsepersonell

Det er fleire tilsette i helse og omsorg som har vore i kontakt med kommuneoverlegen sitt kontor om at dei opplever det som vanskeleg å seie nei både til å reise på besøk og få besøk. Her har Hansen ei klar tilråding.

– Mi anbefaling er at dei skal la vere. Dette gjeld både besøk i eigen heim, arrangement i Gloppen med deltaking av personar som kjem frå kommunar med høgt smittetal og arrangement lokaliserte i desse områda.

Vis til ordføraren

Ordføraren gjekk i vår ut med ei klar oppfordring til dei som hadde lyst å kome på besøk til Gloppen, og viser til at den igjen er aktuell.

– Vi har førebels inga myndigheit til eller ønske om å pålegge folk å halde seg heime eller la vere å besøke familie og slekt i Gloppen. Ønsket vårt er at kvar og ein gjer eigne vurderingar på om det er nødvendig og trygt å reise til eller få besøk frå område med høgt smittepress. Vi har ein situasjon rundt oss som er slik at mange som er i risikogrupper kjenner på at dei synest det er krevjande å seie nei. Då er mi og kommuneoverlegen si oppfordring klar om å halde seg heime. Det er lov å tenkje på seg sjølve i denne tida vi er inne i, og det kan vere enklare å ha anbefalinga frå ordførar og kommuneoverlege i ryggen, seier Gloppestad.

Forkjølingssymptom

Østerbye Hansen vil òg repetere rådet om å halde seg heime om ein har forkjølingssymptom.

– Har du det, skal du halde deg heime til desse symptoma er over. Høgst sannsynleg er det berre ei forkjøling, men det kan ein uansett ikkje vite. Om du går på jobb før symptoma er over, kan du risikere å smitte kollegaer som igjen vil måtte halde seg heime. Dette vil gå utover arbeidskapasiteten i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekstra sjølvdisiplin

Gloppestad peikar på at det er eit godt og sikkert system i kommunen, med eit smittesporingsteam som løyser oppgåvene raskt og effektivt. Likevel vil han understreke at vi alle framleis må ta ansvar, og at smitten kan omfatte eit stort tal innbyggjarar på veldig kort tid.

– Vi blir så sårbare med éin gong smitten kjem i kontakt med helsepersonellet vårt og inn på institusjonane våre. Då vil det gå utover både dei som er i risikogruppene, og kapasiteten til dei som skal ta vare på våre mest utsette. Difor er ekstra sjølvdisiplin frå alle påkrevd i den fasen vi er i no med litt ukontrollerbare situasjonar rundt oss, seier ordføraren.

Kommuneoverlegen støttar dette, og viser til at utfallet av ein smitta tilsett eller brukar i helsesektoren i beste fall vil bety ein kritisk situasjon med mange helsearbeidarar i karantene og nedstenging av helseinstitusjonar. I verste fall er konsekvensen at sårbare pasientar risikerer alvorleg sjukdom og død.

– Mi anbefaling er den same no som den var i mars; kvar enkelt av oss må ta ansvar og opptre forsvarleg.