Russefeiringa er i gang. Trygg Trafikk er bekymra over tryggleiken i russebussane. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Trygg Trafikk er bekymra for tryggleiken i russebussar

Trygg Trafikk meiner fleire russebussar er rullande diskotek og nærast «tikkande bomber på vegen». Dei ber samferdselsministeren ta grep.

Skade- og ulykkespotensialet er stort, slår Trygg Trafikk fast.

– Fleire av russebussane er nærast tikkande bomber på vegen. Dette har vorte ein kultur som har sklidd fullstendig ut, og vi kan ikkje lenger stå og sjå på at fleire titals russ dansar rundt i alkoholrus i gamle utrygge bussar med høg fart, seier avdelingsleiar Tanja Loftsgarden i Trygg Trafikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er bekymra for at det skal skje dødsulykker og viser til kontrollar frå politiet og Statens vegvesen. Det er mellom anna avdekt feil på bremser, for mange passasjerar, brannfarleg montering av aggregat, tildekte nødutgangar og sjåførar utan førarrett eller godkjend yrkessjåførkompetanse.

Ansvaret for relevant regelverk og kontrollar ligg hos fleire styresmakter. Trygg Trafikk ber samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) om å ta initiativ til ein samordna innsats for å betre tryggleiken. (©NPK)