I ei spørjeundersøking gjort på oppdrag for Tryg svarer tre av ti at dei har endra den planlagde utanlandsferien sin neste år på grunn av koronasituasjonen. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Tre av ti har endra planlagd utanlandsferie neste år

I ei spørjeundersøking svarer tre av ti at dei har endra den planlagde utanlandsferien sin neste år på grunn av koronasituasjonen.

– Slik smittesituasjonen har utvikla seg med omikronvarianten oginnføring av nye tiltak, er det ikkje overraskande at mange no kjennerutryggleik rundt å planleggje utenlandstur- eller ferie neste år, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

I undersøkinga, utført av YouGov for Tryg i desember, svarer 30 prosent ja på at dei har endra ferieplanar i utlandet for neste år på grunn av den forverra koronasituasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan vere lurt å sjå an utviklinga. Svært mange land har nobetydelege restriksjonar, og forholda rundt innreisereglar, karantene ogandre restriksjonar blir endra på kort varsel, seier Brandeggen.

(©NPK)