Organisasjonen Pinnsvinhjelpen fryktar at tørken i sommar fører til at piggsvina går i dvale utan nok næring og difor vil døy i vinter. Foto: Kari Hame/NPK.

Tørken i sommar kan føre til massedød blant piggsvin i vinter

Organisasjonen Pinnsvinhjelpen fryktar at tørken i sommar fører til at piggsvina går i dvale utan nok næring og difor vil døy i vinter.

– Eg synest det er trist og urovekkjande. I år har vi hatt usedvanleg mange piggsvin, men vi har aldri hatt så små. Dei skulle vore veldig mykje større, seier leiar Ingrid Fosse i Pinnsvinhjelpen til NRK.

I haust har organisasjonen fått urovekkjande mange beskjedar om magre individ.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje Fosse bør piggsvina vege opp mot éin kilo når dei går i dvale i månadsskifte oktober/november. I år har derimot fleire lagt seg for tidleg, og dei veg berre mellom 100 og 200 gram.

– Dei kjem mest sannsynleg ikkje til å overleve. Dei er for små til å klare seg sjølve, seier Fosse.

I byrjinga av september oppmoda Pinnsvinhjelpen følgjarane sine på Facebook til å setje ut vatn og mat til dyra. Også Beate Johansen ved Universitetet i Agder oppmodar no folk om å hjelpe piggsvina som best dei kan.

– Det er ikkje for seint. Viss ein ser at piggsvin rundt huset, så legg gjerne ut mat og vatn. Då får dei ete seg opp nokre veker. Dei legg fort på seg, seier Johansen til NRK. (©NPK)