Widerøe vil framleis vere på norske hender sjølv om det globale oppkjøpsfondet EQT har varsla bod på transportkonsernet Torghatten. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Torghatten blir kjøpt opp – Widerøe blir fisjonert ut

Oppkjøpsfondet EQT har lagt inn eit bod på aksjane i transportkonsernet Torghatten, minus flyaksjane. Aksjane i Widerøe blir skilde ut i eit nytt selskap.

Det globale oppkjøpsfondet med hovudkontor i Stockholm har varsla eit bod på 175 kroner per aksje i Torghatten, utan flyverksemda. Det prisar selskapet til 7,26 milliardar kroner, skriv Dagens Næringsliv.

– Vi har sidan den første førespurnaden frå EQT hatt dialog med fleire interessentar, men tilbodet frå EQT verkar som det beste alternativet for eigarane og for Torghatten, seier styreleiar Brynjar Forbergskog i Torghatten ASA. Styret har einstemmig tilrådd at aksjonærane aksepterer bodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

EQT planlegg å skilje ut WF Holding (som eig 66 prosent av Widerøe) og dele ut aksjane til Torghatten-aksjonærar ved å opprette eit nytt holdingselskap, Flyco, der aksjonærar i Torghatten vil få direkte eigarskap.

– For Widerøe inneber dette inga endring i situasjonen slik han er i dag. Vi vil framleis ha lokale og svært kapitalsterke eigarar i ryggen som har god kjennskap til bransjen generelt og selskapet spesielt. Dette er ein stor fordel for konsernet samla sett og gjer oss trygge på at vi skal få halde fram med å utvikle selskapet, seier administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe i ei pressemelding.

Det over 100 år gamle selskapet Torghatten er mellom anna største eigar i Widerøe, Norgesbuss og ei rekkje ferjelinjer, og har totalt rundt 7.000 tilsette.

(©NPK)