Arkivfoto.

Toppleiinga i Fjord1 har selt alle aksjane i selskapet

Toppsjefen i Fjord1, Dagfinn Neteland, har selt heile aksjeposten sin i selskapet.

Det skriv Fnansavisen.

Også finansdirektør Anne-Mari Sunndal Bøe, driftsdirektør Andre Høyset og teknologi- og prosjektdirektør Nils Kristian Berge har selt seg ut av selskapet, går det fram av ei børsmelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt har leiinga selt 106 652 aksjar til ein pris på 52 kroner.

Styreleiar Vegard Sævik i Fjord1 har tidlegare fortalt Finansavisen at dei ønskjer å ta selskapet av børs.

At leiinga no sel seg ut av selskapet, er eit steg i denne planen. Sævik-familien legg nesten 450 millionar kroner på bordet for å auke eigardelen i Fjord1 til 93,55 prosent.

(©NPK)