To praksisstudentar i Helse Førde testa positivt

To sjukepleiestudentar som har praksis i Helse Førde testa tysdag positivt for koronaviruset, melder helseføretaket.

Smittevegen er kjend for begge.

– Ut frå aktiv smittesporing har helseføretaket sett sju tilsette i karantene som følgje av mogeleg nærkontakt med dei to studentane. Helse Førde er elles påverka av den generelle smitteauken i Sunnfjord kommune, med den følgje at til saman 46 av våre tilsette no er i karantene, heiter det i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir opplyst at utbrotet og karantenefølgjene rammar fleire av avdelingane, men er innanfor det nivået som føretaket klarer å handtere.

– For å halde kontroll på smitten vil vi frita alle praksisstudentar i Helse Førde i ei veke framover, i første omgang. Frå og med klokka 08 onsdag går Helse Førde over i gul beredskap, til vi ser at smittesituasjonen i vårt område blir noko rolegare, skriv helseføretaket.