Ein buss og ein personbil kolliderte ved Hafslo i Luster tysdag føremiddag. To personar er alvorleg skadde.Foto: Christian Blom / NTB

To alvorleg skadde i trafikkulykke i Luster

Ein buss og ein personbil kolliderte mellom Sogndal og Hafslo i Luster tysdag formiddag. To personar er alvorleg skadd, ifølgje politiet.

Politiet har meldt om ein kaotisk skadestad. I tillegg til to alvorleg skadde, skal nokre av dei rundt ti busspassasjerane ha fått mindre skadar.

Vest politidistrikt opplyser til fleire medium at ein av dei skadde sat fastklemd i bilen etter ulykka, men er frigjord og send til sjukehus i ambulanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Luftambulanse og redningshelikopter vart tilkalle til ulykkesstaden på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Hafslo i Luster kommune, ifølgje politiet.

Bilete frå staden viser snø og slaps på vegen.

Vegtrafikksentralen vest melder at fylkesveg 55 Stupshøltunnelen mellom Sogndal og Hafslo er stengt inntil vidare. Det er snøføre på ulykkesstaden.

Nødetatane fekk melding om ulykka klokka 9.45.

(©NPK)