Tilsett ved Gotatoppen har testa positivt

Ein tilsett ved Gotatoppen har laurdag testa positivt for Covid-19 ved hurtigtest.

I ei pressemelding laurdag ettermiddag melder ordførar Leidulf Gloppestad at den tilsette følte seg uvel kort tid etter oppmøte på arbeid, og testa seg.

PCR-prøve

Det blir tatt PCR-prøve av den tilsette for å få stadfesta den positive hurtigtesten, og kommunen har tatt naudsynte forholdsreglar for å hindre ytterlegare smittespreiing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pårørande til dei som er definerte nærkontaktar har fått informasjon, og andre treng ikkje ta kontakt med kommunen.

Høg vaksinasjonsgrad

– Det er høg vaksinasjonsgrad blant bebuarar og tilsette, og dei fleste har i tillegg fått 3. dose. Risikoen for betydeleg spreiing, og konsekvensar av eventuell spreiing vurderast som liten, melder Gloppestad.