Statsminister Erna Solberg (H) gjorde greie for handteringa av koronapandemien i Stortinget måndag. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Tillate med fritidsaktivitetar inne og ute for alle under 20 år

Barn og unge under 20 kan trene og delta i fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne, seier statsminister Erna Solberg (H).

– Dei kan òg sjå bort frå tilrådinga om 1 meters avstand når det er nødvendig i utøvinga av aktivitet, sa Solberg då ho gjorde greie for om koronahandteringa for Stortinget måndag.

Ordinær treningsaktivitet internt i lag, klubbar og foreiningar kan derfor gjennomførast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men kampar, cupar og stemne, også for barn og unge må framleis utsetjast. For vaksne blir tilrådinga vidareført om ikkje å drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan det trenast, dersom det er mogleg å halde god avstand, sa Solberg vidare.

Toppidretten blir tilrådd å utsetje alt seriespel i to veker.