Freddy André Øvstegård (SV) foreslår hasteendringar i fråværsreglane. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

SV ønskjer hasteendringar i fråværsreglane i skulane

SV foreslår å oppheve fråværsgrensa på skulane og meiner elevar i vidaregåande skule ikkje må ha dokumentasjon frå lege ved fråvær av helsemessige grunnar.

SVs utdanningspolitiske talsperson, Freddy André Øvstegård, fremjar forslaget på Stortinget torsdag, skriv NRK. Han vil be om at saka blir hastebehandla for å få bukt med situasjonen så fort som i det heile mogleg.

Dei siste vekene har smitten stige. NRK skriv at mange elevar i vidaregåande skule går på skulen sjølv om dei har symptom på koronasmitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den rigide fråværsgrensa passar ikkje røyndommen no, derfor må ho mellombels opphevast. Det blir utrygt for elevar og lærarar når elevane kjem sjuke på skulen, seier SV-politikaren til NTB.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) opplyser at ho raskt vil komme tilbake til saka. (©NPK)