Natur og ungdom demonstrerte utanfor Stortinget i Oslo mot gruvedumping i Førdefjorden i 2020. No har kommunestyret i Sunnfjord vedteke å gi Nordic Rutile grønt lys for å starte bygginga av gruveanlegget. Arkivfoto: Tore Meek/NTB/NPK.

Sunnfjord kommune sa ja til gruveanlegg ved Førdefjorden

Kommunestyret i Sunnfjord har gitt gruveselskapet Nordic Rutile grønt lys til å starte bygging av gruveanlegget ved Førdefjorden.

Kommunestyret i Sunnfjord behandla saka torsdag, og fleirtalet av dei folkevalde stemde for å gi gruveselskapet godkjenning til å byrje anleggsarbeidet, skriv Bergens Tidende.

Gruveprosjektet er omstridd, sidan Nordic Rutile vil operere med sjødeponi. Dei skal vinne ut minerala rutil og granat og deponere gruvemassane i Førdefjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elleve organisasjonar som har klaga Noreg inn til Esa for brot på EUs mineralavfallsdirektiv på grunn av dumping av gruvemassar i Førdefjorden og i Repparfjorden i Troms, fekk før jul støtte av overvakingsorganet.

Eftas overvakingsorgan slo då fast i ein førebels konklusjon at Noreg ikkje overheld direktivet som mellom anna krev at det skal lagast ein plan for tilstrekkeleg avfallshandtering.

Eit fellesforslag frå SV, MDG, V og Raudt om mellombels byggje- og deleforbod fekk berre 13 av dei 45 stemmene i kommunestyret.

Natur og Ungdom har varsla at aksjonistar vil gjennomføre aksjonar mot det planlagde arbeidet neste veke.

(©NPK)