Gamle Innvik ullvarefabrikk.

Støtte til industrielle kulturminne i Vestland

Odda smelteverk, Salhus Tricotagefabrikk, Tyssedal kraftstasjon og Gamle Innvik ullvarefabrikk er blant dei tekniske og industrielle kulturminna som til saman får over 10 millionar frå Vestland fylkeskommune i 2021.

– Vi har ei rik industrihistorie i fylket vårt, og industrien er ein stor del av identiteten til Vestland. Det er mykje kraftindustri, men vi ser også at til dømes tekstilindustrien har vore sentral ulike stader i fylket, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering i ei pressemelding.

Utvalet står bak fordelinga av tilskota som vart gjort 28. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fellesskapet har ei viktig oppgåve i å ta vare på den felles tekniske og industrielle historia vår. Det er viktig å forstå korleis industrien har forma fylket vårt, og vi må sikre denne delen av historia og formidle ho til framtidige generasjonar, seier Davies vidare.

Ordninga låg tidlegare under Riksantikvaren, og det er første året fylkeskommunen har ansvar for tilskota. Overføringa var del av regionreforma. Det kom inn søknader med ein samla søknadssum på over 60 millionar kroner.

(©NPK)