Slik kan skipstunnelen sjå ut når den står ferdig. Illustrasjonen viser innseglinga frå Kjøde i den nordlege enden av skipstunnelen. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta/NTB.

Stortinget vedtok bygging av Stad skipstunnel

Det er endeleg klart for bygginga av Stad skipstunnel. Tysdag vedtok Stortinget å gi prosjektet 75 millionar kroner i oppstartsmidlar.

Regjeringa la fram forslaget om å byggje skipstunnelen for Stortinget i mars. Allereie då stadfesta Framstegspartiet at dei ville støtte forslaget og dermed sikre fleirtal for bygginga. I Stortinget tysdag stemde 86 representantar for prosjektet, medan berre éin stemde imot.

– Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for Vestlandet og næringslivet langs kysten vår. Vi er svært glade for at oppstart endeleg er sikra, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug i ein kommentar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skipstunnelen blir 1,7 kilometer lang. Den er dimensjonert for skip med ei breidd på 21,5 meter, høgd på 33 meter og djupne på åtte meter.

(©NPK)