Storehaug og Brosvik på topp

Nominasjonskomiteen presenterer i dag endeleg framlegg til KrF si stortingsliste for Sogn og Fjordane valkrins. Stortingsrepresentant Tore Storehaug toppar lista framfor Trude Brosvik.

Tore Storehaug. Pressefoto.

– Innstillinga byggjer mellom anna på innspel frå enkeltmedlemmer og to runder i lokallaga. I siste del av nominasjonsprosessen har komiteen vore i kontakt med alle kandidatane på lista, og er glad for at innstillinga i stor grad samsvarar med kandidatane sine eigne ønske om plassering. Innstillinga er samrøystes, seier Frode Kleppe Holgersen, leiar av nominasjonskomiteen, i ei pressemelding.

– Tore Storehaug avklara tidleg at han stilte seg til disposisjon for attval. Storehaug har dei siste åra vore ein synleg stortingsrepresentant, som har kjempa Sogn og Fjordane si sak frå Stortinget. Han har løfta fram saker som breibandutbygging, utjamning av nettleige, og ein landbruks- og familiepolitikk tilpassa Sogn og Fjordane. Stortingsgruppa har vist han stor tillit som finanspolitisk talsperson, der han den siste tida har hatt sentrale roller i mellom anna forhandling av statsbudsjett, Tangen-saka og tiltakspakkar grunna koronaepidemien, seier Kleppe Holgersen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med Trude Brosvik på andreplass har komiteen fått ein av dei mest rutinerte politikarane frå Sogn og Fjordane med vidare. Med erfaring som mellom anna ordførar, medlem av fylkesting, fylkesutval i Vestland fylke og fylkesutval i gamle Sogn og Fjordane, kjenner Trude historia, folka og sakene våre. Når ho sit i hovudutvalet i Vestland fylke, kjenner ho situasjonen i dag og utfordringane vi har framfor oss. Trude er ei tydeleg stemme, ingen er i tvil om kvar dei har Trude, og alle veit at Trude kjempar for Sogn og Fjordane.

Her er listeframlegget:

1. Tore Storehaug 1992 Askvoll

2. Trude Brosvik 1961 Gulen

3. William Dalsbø 1996 Stad

4. Beate Bondevik Lie 1978 Luster

5. Kari Synnøve Muri 1965 Stryn

6. Jarle Arvid Aase 1964 Sunnfjord

Artikkelen held fram under annonsen.

7. Per Ståle Husevåg 1969 Gloppen

8. Marta Kjelby 2000 Gulen

9. Frode Bøthun 1976 Sogndal

10. Gustav Johan Nydal 1960 Kinn

Nominasjonsmøtet til KrF for valdistrikta Sogn og Fjordane og Hordaland vil haldast laurdag 21. november.