NVE sine målingar av massebalansen til breane viser større snømengder enn på lenge på dei fleste breane. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Store snømengder gir rekordar i fjellet

NVE sine målingar av massebalansen til breane viser større snømengder enn på lenge på dei fleste breane.

Det skriv NVE på sine nettsider.

– Det har vore ein mild og nedbørrik vinter, med uvanleg mange rundar med uvêr frå vest. Dette har gitt svært mykje nedbør på breane på Vestlandet og i Nord-Noreg denne vinteren, seier Rune Engeset, som leiar NVE sin seksjon for bre, is og snø.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Nigardsbreen, ein utløpar av Jostedalsbreen, har ikkje snømengdene vore så store sidan målingane starta i 1962.

– Dei store snømengdene i vinter betyr ikkje at klimaendringane er avblåste, tvert imot. Denne typen vinter er typisk for klimaendringane vi kan forvente i vår del av verda, og vi kjem til å sjå fleire slike vintrar, seier Hege Hisdal, direktør for hydrologisk avdeling i NVE.

(©NPK)