Stor interesse for skoten ulv

Universitet, museum og fleire kommunar ønskjer å overta ulven «Lucky», som vart skoten i Hyllestad i ytre Sogn 15. januar. Ulven har lurt jegerane i fleire år og teke livet av mange sauer og lam.

– Det er ei viss interesse for ulven frå fleire hald no, men vi har ikkje bestemt kva som skjer med han enno, seier seksjonsleiar Terje Bø i Miljødirektoratet til NRK.

Det er dei som no har ansvaret for ulven, som for tida ligg i ein frysar i Hedmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var med og fekk sjå ulven då han vart skoten, og det er eit fantastisk flott dyr, seier ordførar i Fjaler, Kjetil Felde (Sp), til NRK. Han er ein av ordførarane som har sagt ifrå om at den daude ulven er ønska i området der han brukte sine tre siste år.

Også ordførar Kjell Eide (Ap) i Hyllestad har signalisert at dei ønskjer å få tak i ulveskrotten. Elles er Vitenskapsmuseet i Trondheim og NTNU blant dei andre som har teke kontakt for å melde si interesse.

(©NPK)