Statens vegvesen tror på ein tidlig start på juletrafikken i år, og at juleutfarten blir spreidd over fleire dagar. Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold/NTB/NPK.

Statens vegvesen trur på tidleg juleutfart

Statens vegvesen trur at årets juleutfart sannsynlegvis vil fordelast over fleire dagar enn normalt, og at han byrjar allereie denne helga.

– Vi forventar juletrafikk på vegane allereie frå fredag 17. desember, og at dei største utfartsdagane blir 22. og 23. desember, seier Nils Audun Karbø, avdelingsdirektør i Statens vegvesen i ein twittermelding frå Vegtrafikksentralen Aust torsdag.

Både Vegvesenet og Trygg Trafikk minner om nokre enkle reglar i juletrafikken. Dei understrekar at det ikkje er nokon grunn til å stresse, men at ein konsentrerer seg om køyringa, tilpassar farten etter forholda, hugsar å skrape rutene frie for is og snø før ein køyrer og set av tid til å pakke bilen ordentleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Følg med på vêrmeldinga og ha med rett utstyr om du skal til fjells. Hugs kjettingar, varme klede og mobil med fullt batteri.

(©NPK)