Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Stadig mindre bruk av antibiotika til dyr i Europa

Noreg er blant dei landa i EU/EØS-området med lågast antibiotikaforbruk til matproduserande dyr. Det er store forskjellar mellom landa.

Det viser ein ny rapport frå European Surveillance of Veterinary Antimicrobial Consumption (ESVAC). Rapporten dokumenterer forbruket av antibiotika til matproduserande dyr i 31 EU/EØS-land i 2018.

– Det er store forskjellar når det gjeld forbruket og forbruksmønsteret av antibiotika til matproduserande dyr i dei 31 landa. Noko av forskjellane kan dels forklarast med forskjellar i førekomsten av bakteriesjukdommar, i samansetninga av dyrepopulasjonane og med at produksjonssystema i landa er ulike, seier seniorforskar og rådgivar til EMA Kari Grave ved Veterinærinstituttet i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruk av antibiotika er ein av dei viktigaste drivarane for utvikling av antibiotikaresistens.

– Det er derfor gledeleg å sjå at i dei 25 landa som rapporterte data for alle åra i perioden 2011-2018, vart forbruket til matproduserande dyr, inkludert fisk, totalt sett redusert med om lag 34 prosent i denne perioden Det er store variasjonar mellom landa når det gjeld omfanget av reduksjonen, men tendensen er at land som i utgangspunktet hadde det høgaste forbruket, har stått for den største delen av reduksjonen, seier Grave.

(©NPK)