Russen i år fekk ei annleis feiring. Tal frå SSB viser at stadig fleire fullfører vidaregåande skule.Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Stadig fleire fullfører vidaregåande

78,1 prosent av dei som byrja på vidaregåande skule i 2013, fullførte innan fem eller seks år. Det er 0,5 prosentpoeng betre enn for dei som starta i 2012.

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det er kvinner i utdanningsprogram som har den beste utviklinga. 70,2 av elevane har fullført utdanninga, opp 1,3 prosentpoeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

87,5 prosent av elevane på studieførebuande utdanningsprogram fullførte innan fem eller seks år. På yrkesfaglege utdanningsprogram gjorde berre 67,5 prosent det same.

Restaurant- og matfag hadde den lågaste fullføringsgrada med 49,1 prosent. Av yrkesfaga har medium og kommunikasjon best fullføringsgrad, med 81,5 prosent fullførte.

(©NPK)