Språkpris til Katrine Sele

Katrine Sele er heidra med Språkrådet sin språkpris. Pressefoto.

Språkprisen 2021 går til Katrine Sele for skarpe innblikk i store politiske spørsmål og i sjølve tilværet gjennom lagnaden til menneska i bøkene «Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak» (2017) og «Einars bok» (2021).

Sele bur i Jølster og har vore aktiv som skribent og forfattar i tjue år. Gjennom desse åra har ho «utvikla ein konsistent, eigenarta portrettkunst i skrift», skriv juryen i grunngjevinga si.

«Det liknar eit paradoks at ein som sjølv er så diskré til stades i bøkene ho skriv, samstundes gjev forteljingane eit så personleg avtrykk, men lesaren skjøner raskt at den stillfarande forteljemåten er sjølve kunststykket.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvar haust deler Språkrådet ut språkprisen på 100 000 kroner for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen blir delt ut for bokmål og nynorsk annakvart år. Juryen er leia av litteraturkritikar og litteraturforskar ved Nasjonalbiblioteket, Kaja Schjerven Mollerin.