Arbeidarpartiet, her ved partileiar Jonas Gahr Støre, ligg an til å få fleirtal saman med dei andre partia som ønskjer regjeringsskifte på NRKs meiningsmåling. Foto: Terje Pedersen / NTB

Solid raudgrønt fleirtal på stor NRK-måling

Partia som ønskjer regjeringsskifte, ligg an til å få 104 mandat på NRKs måling frå alle valdistrikta i landet.

Partia som støttar ei Erna Solberg-regjering, regjeringspartia og Frp, ligg på si side berre an til å få 65 mandat på målinga, skriv NRK.

Ap og SV går mest fram samanlikna med NRKs førre såkalla «supermåling» frå april. Begge veks med 0,8 prosentpoeng til høvesvis 7,8 prosent og 24,1 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre går mest tilbake med 1,7 prosentpoeng til 23 prosent. Frp går ned 0,9 prosentpoeng til 10,2 prosent.

Fleire parti vakar òg rundt sperregrensa på NRKs måling. Raudt ser på denne ut til å komme over sperregrensa og har 4,2 prosent på målinga. MDG (3,7 prosent), KrF (3,6 prosent) og Venstre (2,7 prosent) ligg på si side alle under.

600 veljarar i kvart av dei 19 valdistrikta er spurt i målinga, som er gjort av Norstat. Til saman har 11.400 svart. Målinga er utført mellom 26. mai og 11. juni.

(©NPK)