Helsedirektør Bjørn Guldvog har vore spent på om kommunane vil klare å halde dei lokale smitteutbrota under kontroll. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Smittesporinga er under press

Strategien til helsestyresmaktene for å hindre ei nasjonal smittebølgje står og fell på detektivarbeidet til kommunane.

– Dei siste vekene har vi vore spente på om kommunane har kapasitet til å ta ned alle utbrota, seier helsedirektør Bjørn Guldvog til NTB.

Til no har det heldigvis lykkast, fastslår han. Både i Bergen og i Fredrikstad og Sarpsborg meiner Guldvog at det no er stort sannsyn for at ein vil klare å halde dei lokale utbrota av koronasmitte under kontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men presset er stort.

– Situasjonen kan endre seg frå dag til dag. Så det er veldig viktig at vi følgjer det med stor merksemd, seier Guldvog.

– Og viss vi ikkje lykkast, må vi over på dei meir nasjonale løysingane.

Vil slå ned lokalt

Per i dag er strategien at ein i størst mogleg grad skal slå ned smitteutbrot lokalt, slik at styresmaktene slepp å innføre nasjonale tiltak som også rammar mange kommunar som ikkje eigentleg treng desse tiltaka.

Denne strategien vart i realiteten innført då regjeringa la fram vegkartet sitt for gjenopning av samfunnet 7. mai. Vurderinga var den gong at dei nasjonale smitteverntiltaka som vart innførte 12. mars, hadde slått ned smitten så mykje at situasjonen var under kontroll. Dermed kunne styresmaktene skifte til ein ny strategi der målet var å behalde kontrollen.

Men eit lokalt utbrot som ikkje blir slått ned, kan vekse til ei bølgje som slår inn over store delar av landet og rammar store delar av befolkninga, åtvara helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen torsdag.

– Viss vi ser tendensar til at vi kan stå overfor ei auka smittespreiing nasjonalt eller regionalt, vil vi òg kunne innføre tiltak nasjonalt eller regionalt for å ta tilbake kontroll, utdjupar Høie overfor NTB.

Utbrotsetterforsking

Folkehelseinstituttet sin direktør Camilla Stoltenberg understrekar at innsatsen til kommunane er avgjerande i denne responsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at svakheiter i smittesporingsarbeidet no set innsatsen under press. Det kjem ikkje minst av at mykje føregår manuelt ved at Folkehelseinstituttet ringjer rundt til kommunar og sjukehus for å få kartlagt korleis smitten spreier seg: Kven har dei smitta vore i kontakt med? Kvar har dei vore? Korleis vart dei smitta?

– Den smitteoppsporinga handlar mykje om utbrotsetterforsking. Der heng vi etter, seier Stoltenberg til NTB.

– Det er mykje som er automatisert dei seinare åra, men på langt nær så mykje som vi treng.

Raudt nivå

Inntil vidare meiner regjeringa at situasjonen er såpass under kontroll at det ikkje er nødvendig med nye tiltak nasjonalt.

Men ei liste med innstrammingar som kan setjast i verk, er allereie klar.

Alt i alt vart det registrert 728 nye tilfelle av smitte med koronavirus i Noreg førre veke. Det er nesten ei dobling frå nivået dei fire tidlegare vekene, og Noreg ligg no på «raudt» nivå med 20,6 smitta per 100.000 i veke 35 og veke 36 samla.

Det er lokale smitteutbrot i Bergen og i Fredrikstad og Sarpsborg som er hovudårsak til auken.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkehelseinstituttet sin direktør Camilla Stoltenberg framhevar utbrotsetterforskinga som avgjerande for å halde smittesituasjonen i Noreg under kontroll. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.