FHI uroar seg over ein auke i skjulte tilfelle av koronasmitte. Eit påbod om munnbind i offentlege rom vil ha effekt, meiner immunolog. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB scanpix/NPK.

Skjult koronasmitte uroar FHI

Eit aukande tal sporadiske tilfelle av koronasmitte vekkjer uro hos Folkehelseinstituttet (FHI). – Vi er uroa og førebudde, seier overlege Preben Aavitsland.

– Vi er redde for den skjulte smitten, altså den som skjer mellom folk, gjerne unge, som har lite symptom og ikkje forstår at dei er smitta, seier overlege Preben Aavitsland i FHI til NTB.

Han peikar på at desse kan smitte andre i fleire ledd før nokon blir sjuke.

Artikkelen held fram under annonsen.

De siste vekene har smittekurva peika oppover i Noreg. Dei to siste dagane er det meldt om 102 nye smittetilfelle, mot 196 i heile førre veke. Mange av dei nye smittetilfella kjem av importsmitte.

– Situasjonen no er likevel ulik frå mars, då to–tre tusen smitta nordmenn kom heim etter å ha vore i Italia, Austerrike og Spania. Då var det lite testkapasitet, og det store talet var overraskande, påpeikar FHI-overlegen.

Fire hovudgrupper

Ifølgje FHI er det no fire hovudgrupper av smitte: utbrot på cruiseskip, smitte blant nordmenn som har vore i utlandet, utbrot på arrangement og sporadiske tilfelle.

Medan den første gruppa er i ferd med å kome under kontroll, vil den andre gruppa vil bli verande ei utfordring, ifølgje Aavitsland.

– Vi ser import særleg frå raude land, men også grøne land. Vi rår folk til å reise utanlands berre når det er strengt nødvendig, seier han.

FHI ber no alle som har vore i utlandet, om å teste seg. No blir det jobba med å skaffe oversikt over kor mange som faktisk har kryssa landegrensene.

Uroa for arrangement

FHI er samtidig uroa over dei mange utbrota på arrangement. I Oslo er no i alt 19 personar stadfesta smitta med covid-19 etter heimefestar i Vestre Aker.

– Slike situasjonar kan føre til mange smitta. Arbeidet med å spore opp deltakarane er utfordrande for kommunane, seier Aavitsland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utover hausten ser FHI for seg ei rekkje lokale utbrot eller små oppblussingar.

– Kommunane må vere førebudde på å slå til dersom smitten aukar lokalt. Desse skal slåast ned før dei spreier seg og blir regionale eller nasjonale problem. Dermed kan vi unngå ei ny bølgje av epidemien, seier Aavitsland, som ser for seg at det kan innførast lokale restriksjonar i kommunar som slit med å få eit utbrot under kontroll.

Fleire kommunar har skjerpa retningslinjene for mellom anna besøk på sjukeheimar. I Åmot må no alle som har vore i utlandet, teste seg før dei får vitje sine eldre.

Tilrår munnbind

Immunolog Anne Spurkland ved Universitetet i Oslo er ikkje overraska over auken i smittetala.

– Det ser nok meir omfattande ut enn det faktisk er. Det går oppover, men spørsmålet er jo kor fort det går. Eg blir litt uroa, seier ho og viser til at det har vore stor trafikk over landegrensene.

– Men mange har hatt gode grunnar til å vilje reise. Så eg vil ikkje seie at det var feil, sjølv om det openbert òg er problematisk.

Eit påbod om munnbind, til dømes på offentleg transport, er derfor på sin plass no, meiner ho.

– Munnbind i offentlege rom der det ikkje er mogleg å halde avstand, er ein av dei tinga vi kan gjere, som har effekt. Det er rett og slett høfleg å ha på seg munnbind så ein ikkje uviljande smittar andre. Det er viktig at folk skjønar at dette i det heile ikkje er over, seier Spurkland.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)