Det skal undersøkjast om Førde i Sunnfjord passar til å ha sjølvkøyrande bussar. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.

Skal undersøkje sjølvkøyrande bussar i Førde

Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og Sunnfjord kommune undersøkjer om sjølvkøyrande bussar er noko for Førde-trafikken.

I eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnfjord kommune, Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet vil dei finne ut om Førde er eigna til å ha sjølvkøyrande bussar, skriv Firda.

Bakgrunnen skal vere at kommunen ønsker å få ned bruken av bil og å dekke eit transportbehov for Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konsulentselskapet Knowit skal undersøkje korleis det kan bli mogleg med sjølvkøyrande buss på vegane i Førde. Det forprosjektet vil koste omkring 175.000 kroner. Sunnfjord kommune bidreg med 50.000 til 75.000 kroner.

(©NPK)