Anleggsmaskiner kjem fram til vegen opp fjellet der det sist veke var protestar mot det planlagte vindkraftverket på Haramsøya. Foto: Svein Ove Ekornesvåg/NTB scanpix/NPK.

Sju knallharde Frp-krav før vindkraftmelding

Lokal aksept, subsidiekutt og klare krav til høgd og talet på turbinar. Det er blant Frp-krava til vindkraftmeldinga til regjeringa, som truleg kjem fredag.

– Vi må ha eit endra regime som fører til mindre støy, seier Frps energipolitikar Terje Halleland til NTB.

Han meiner eit klarare, enklare og meir føreseieleg konsesjonssystem må på plass for å få vekk støyen som pregar debatten om utbygging av vindkraft på land i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dagens konsesjonssystem er for dårleg, seier Halleland, og utdjupar:

– Utbyggjarane har fått forlengt konsesjonane sine i for mange år. Når du då kjem med ei utbygging 15 år etter at konsesjon er gitt, har det vorte færre, men mykje større møller. Kommunen har gjerne bygd nye hyttefelt og bustadfelt, noko som gjer at vindmøllene kjem mykje nærare busetnaden enn det som var tenkt.

I dag blir konsesjon gitt for 25 år.

Sju krav

Før olje- og energiminister Tina Bru (H) legg fram stortingsmeldinga si, legg Halleland no fram sju punkt som han meiner må inn i det nye konsesjonsregelverket:

* Lokal aksept.

* Flytte regelverket frå energilova til plan- og bygningslova.

* Buffersone til busetnad.

* Kutt av alle subsidiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Byggjestart seinast fem år etter gitt konsesjon.

* Garanti for opprydding.

* Høgd og talet på turbinar skal fastsetjast i konsesjon.

Ikkje veto

Fleire av krava handlar om at norske lokalsamfunn i større grad må involverast i prosessane. Frp vil ikkje gi kommunane eit glasklart veto mot utbygging, men bruker omgrepet «uformelt veto».

Halleland viser til at ein del vindmølleparkar går på tvers av kommunegrenser, noko som gjer eit slik hardt veto trøblete. Å flytte regelverket til plan- og bygningslova kan gi større lokal eigarskap, håpar han.

Frp-politikaren er òg klar på at vindkraftprosjekt må vere samfunnsøkonomisk lønsame.

– Med den straumprisen som er i dag, vil det nok bli mindre utbygging, seier Halleland.

– Men i ein normalprissituasjon vil det vere fullt mogleg å få det til. Etterspurnaden etter fornyeleg kraft aukar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frp har ikkje talfesta kor lang buffersona skal vere til busetnad, men meiner ein minsteavstand bør liggje i konsesjonen. Eit «tak» på talet på vindmøller og høgd på anlegget må inn i utbyggingssøknaden, meiner Frp.

Lover betre system

Det har det siste året vore stans i behandlinga av nye vindkraftkonsesjonar i Noregs vassdrags- og energidirektorat fordi styresmaktene har jobba med å avklare kvar ein kan byggje vindkraft.

– Framtidig utvikling av vindkraft på land treng eit føreseieleg rammeverk og betre lokal og regional forankring, sa Bru i mars.

Ho vil sørgje for at omsynet til dei som bur i nærområdet, og til ramma næringsinteresser blir godt varetekne, og for at konsesjonsbehandlinga blir gått gjennom med mål om forbetringar og innstrammingar.

Det har den siste tida vore demonstrasjonar mot utbygging av vindkraft både på Haramsøya på Sunnmøre og på Øyfjellet i Mosjøen i Nordland.

Samtidig har tonen i debatten hardna kraftig til. I helga skildra Bru korleis vindkraftmotstandarar ropte skjellsord etter henne og fysisk prøvde å hindre henne frå å delta på eit møte i Haugesund.

(©NPK)

Eit nytt system for utbygging av vindkraft er på trappene. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.