September vart tørr i store delar av landet

Illustrasjonsfoto frå oppstigninga til Stegsvatnet og Årdalskupa, med utsikt over Årdalsdalen i Jølster.

Både Agder, Rogaland og Vestland hadde ein tørr september månad. Fleire stader i Møre og Romsdal var det likevel opptil tre gonger så mykje nedbør som normalt.

– Agder har lagt bak seg eit tørt hydrologisk år, og september vart ikkje noko unntak. Fylket fekk 14 prosent mindre regn enn normalt i september, skriv meteorologane.

Dei neste tolv dagane er det derimot venta over 100 millimeter nedbør fleire stader i fylket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også i Rogaland og Vestland var september tørr, og somme stader svært tørr, medan det i Møre og Romsdal altså vart regntungt mange stader. For Noreg samla sett kom det 15 prosent mindre regn enn normalt. (©NPK)