Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet fell kraftig på ei ny partimåling.Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Senterpartiet stuper på ny partimåling

Senterpartiet fell med 5,6 prosentpoeng på ei ny partimåling. Men Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er tilsynelatande ikkje bekymra.

– Den siste veka har vi hatt ei måling på over 20-talet og denne på 16,6 prosent. Begge er over eller på høgd med det beste valet Sp nokosinne har gjort, seier Vedum til NRK.

I målinga Norstat har gjort for NRK og Aftenposten fell Senterpartiet med 5,6 prosentpoeng frå førre måling. Endringa er større enn feilmarginen og den einaste signifikante endringa på målinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

På spørsmål om nedgangen viser at han har komme for tidleg i form, svarer Vedum:

– Det har eg vorte spurd om heile tida, òg då vi låg på 12 prosent i 2017. Men vi kan ikkje tilpasse bodskapen i ulike tider, vi må seie det vi meiner og trur på.

Viss målinga hadde vorte valresultatet, ville Ap, Sp og SV til saman fått 84 mandat. Dermed er dei eitt mandat unna fleirtal i Stortinget, og er avhengig av anten Raudt eller MDG for å få fleirtal.

For resten av partia er resultatet på målinga som følgjer (endring frå førre månad i parentes): H: 25,2 (+0,6), Ap: 23,3 (+2,3), Frp: 10,2 (+0,5), SV: 6,9 (-0,5), MDG 4,9 (+1,0), V 4,0 (+1,2), Raudt 3,8 (+1,0), KrF: 3,2 (-0,7), Andre: 1,8 (+0,2).

Feilmarginen er på mellom 1 prosentpoeng for dei minste partia til 3,6 prosentpoeng for dei største partia. 968 personar er oppringde, og 692 personar har oppgitt partipreferanse.

(©NPK)