Tre av medlemene i Krafttak mot kreft-komiteen på Firda vidaregåande skule: Gjertlin E. Kirkeeide (f.v.), Vegard Hovstad og Henriette Bjørlykke.

Firda-russen samlar inn pengar til kreftsaka

Onsdag 15. mars går elevar frå Firda vidaregåande skule rundt og bankar på dørene i Gloppen for å samle inn pengar til Krafttak mot kreft.

Krafttak mot kreft er ein årleg innsamlingsaksjon som Kreftforeininga gjennomfører i samarbeid med russ/avgangselevar på vidaregåande skular i heile landet.

Russ/avgangselevar er den viktigaste samarbeidspartnaren til Kreftforeininga ettersom dei står for 80 prosent av det som vert samla inn kvart år. Sidan Kreftforeininga starta samarbeidet med skulane, har dei samla inn til saman 320 millionar til kreftforsking og vore med på å bidra til at tre av fire no overlever kreft.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år er temaet kreft med spreiing. Det vil seie at pengane som vert samla inn går spesifikt til forsking rundt spreiing av sjukdomen.

– I løpet av denne veka er elevar frå skular over heile landet ute og går med bøsse. Vi håpar du er heime og opnar døra når vi kjem rundt og bankar på onsdag ettermiddag. Vi har samla heile gjengen med avgangselevar, i tillegg til at vi òg har fått med oss nokre frå andre klassar. Eg er stolt over at elevane på skulen bidreg til ei så viktig sak, seier Gjertlin E. Kirkeeide, aksjonssjef ved Firda vidaregåande skule.

Om du vil støtte aksjonen, er Vipps-nummeret 451011.