Fleire av dei små og mellomstore bryggeria slit med auka kostnadar og lågare sal. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Salssvikt og høge råvareprisar truar småbryggeria

Kostnadane har gått opp og salet ned for småbryggeria. No fryktar fleire av dei for framtida.

Det melder NRK.

Fleire av småbryggeria auka salet under pandemien. Når folk måtte halda seg heime, kjøpte dei meir norsk øl. No er både utanlandsreising og grensehandelen tilbake, og salet har gått ned for mange bryggeri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig har produksjonskostnadane auka, og både råvarer, transport og emballasje har blitt dyrare. Espen Lothe frå Kinn Bryggeri fortel til NRK at prisen på malt har stige med 40 prosent, og prisen på glasflasker har stige med 50 prosent. I tillegg kjem høge straumprisar.

Erlend Vagnild Fuglum, direktør i Bryggeriforeningen, seier til NRK at det har vore eit tøft år for små og mellomstore bryggeri, og at fleire har permittert tilsette. Han etterlyser handling frå regjeringa, og ber dei gjera meir for å hjelpa med høge straumprisar.

Dagleg leiar i Haandbryggeriet i Drammen, Egil Hilde, seier til NRK at straumutgiftene deira har auka så mykje at det svarar til to heile stillingar, og at dei har måtta seia opp tilsette.

(©NPK)