Har fått toppjobb - går ut av politikken

Helge Robert Midtbø blir ny administrerande direktør i Linja. Han tiltrer i stillinga 1. februar 2026.

Det opplyser nettselskapet i ei pressemelding. 

Midtbø er opphavleg frå Svelgen og bur i Førde. Han er utdanna elektroingeniør og har brei erfaring frå energibransjen, industri og offentleg sektor. 

I Helse Førde

Karrieren starta ved Driftssentralen i Buskerud Energiverk, og han har seinare hatt ulike stillingar i Siemens innan energi, offshore, skip og industri, med base i Oslo og Bergen.

I 1997 flytta han tilbake til Sogn og Fjordane der han leia Siemens sine aktivitetar i fylket og var installatør i selskapet.

Frå 2008 til 2014 var han nettsjef i Sunnfjord Energi, før han gjekk over til Helse Førde som direktør for kirurgisk klinikk. Dei siste åra har han vore direktør for drift og eigedom i Helse Førde, ei stilling han framleis har.

Varaordførar

Midtbø har vore politisk aktiv for Arbeidarpartiet sidan 2011, og har hatt verv både i Førde og Sunnfjord kommune. Han er i dag varaordførar i Sunnfjord, men vil tre ut av politikken i samband med jobbovergangen. 

– Eg er svært motivert på å gå inn i denne rolla og bruke mykje tid på å reise rundt og bli kjend med folka og organisasjonen. Då ønskjer eg å ha fullt fokus på det nye eg går inn i, seier Midtbø i pressemeldinga.

Han ser fram til å vende tilbake til energibransjen: 

- Dette er ein viktig bransje i den omstillinga samfunnet står i, særlig i lys av det grøne skiftet, auka elektrifisering og digitalisering. Nettkapasitet er i ferd med å bli ein knapp ressurs, og det er behov for både forsterkning og nybygging av nettet. Linja spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av næringslivet i regionen, og det blir avgjerande å sikre tilstrekkeleg nettkapasitet for framtidig næringsetablering.

- Likar å lytte

Midtbø omtalar seg sjølv som ein inkluderande leiar. 

– Eg likar å lytte og å bruke kompetansen i organisasjonen til å ta gode avgjerder. Eg ser fram til å reise rundt i området, møte folk og bli godt kjent med geografien og dei lokale forholda, seier han.

Han er gift og har tre vaksne born. På fritida engasjerer han seg i idrett og frivillig arbeid, mellom anna i volleyball i Førde. Han har hytte i Bremanger og finn ro med fiskestonga på kaia i Iglandsvik.

Powered by Labrador CMS