Robotar skal no gjera det enklare å føra tilsyn med tunnelar, vegar, bruer og oljeraffineri.Illustrasjonsfoto: Tore Meek/NTB/NPK.

Robotar skal sjekka tunnelar og vegar

Eit nytt forskingsprosjekt skal no sjå på korleis robotar og kunstig intelligens kan brukast til å sjekka både tunnelar, gamle vegar og oljeraffineri meir effektivt.

I ein omtale av prosjektet på nettsidene til Sintef, blir det peikt på at det er både dyrt og risikofylt å føra tilsyn med og utbetra gamle tunnelar, vegar og annan eldre infrastruktur.

Det nye forskingsprosjektet som er finansiert av EU, skal sjå nærmare på korleis robotar både kan gjera inspeksjonane meir effektive, hyppigare og med høgare kvalitet, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sintef-forskar Sigurd Mørkved Albrektsen peikar på at inspeksjonane i dag ofte fører til at både tunnelar og oljeraffineri må stengja i lengre tid.

– Håpet er at prosjektet skal få slutt på dette, seier han.

Prosjektet har vekt stor internasjonal interesse. Tidlegare i år var 26 land med på eit webinar om nybrotsarbeidet.

(©NPK)