Mange har nytta sommaren til strikking.Illustrasjonsfoto: Thomas Brun/NTB scanpix/NPK.

Rekordsal for garnfabrikk

Nordmenn på noregsferie har gjort god butikk for garnsalet.

Hillesvåg Ullvarefabrikk i Alver kommune har hatt rekordsal av garn i butikken i juli, skriv Avisa Nordhordland.

Sommaren har vore uvanleg bra for butikken. Trass i at dei ikkje har hatt moglegheit til å ta i mot busslastar med besøkande slik som dei plar og salet til bedrifter og produsentar som lagar og sel ferdige genserar gjekk ned, har salet i butikken av strikkegarn vore godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sal av strikkegarn til private auka så mykje at vi ikkje har merka nokon nedgang. Vi har heller merka auka interesse, og at folk strikkar meir, seier dagleg leiar Øyvind Myhr til avisa.

(©NPK)